Oseana
Program

Søndag 14. mars 2027 · fra kr 490

Stillhouse

Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen er to av dei mest særprega artistane i landet, og saman utgjer dei ei kraftpakke av nærvær, energi og musikalitet. Dette er americana med norsk sjel: rått, varmt og fullt av liv.

Raknes spelar berre kontrabass, men får han til å låte som eit heilt band. Med fingerspel, effektar og looping byggjer han alt frå lågmælte lydlandskap til drivande rytmar, medan stemma til Wilhelmsen slyngjer seg rundt, over og gjennom lydbiletet med leik og presisjon. Samspelet mellom dei er intuitivt, morosamt og uføreseieleg, ein fri flyt av musikalsk overskot.

Repertoaret består av Raknes sine eigne låtar frå Stillhouse-serien, Chasing the Real Things, On the Road, Due, Drone og TID, og handplukka tolkingar av mellom andre Bruce Springsteen, Bob Dylan og Depeche Mode. Fellesnemnaren er ærlegdom, musikalitet og forteljingar som treff.

Stillhouse Duo er kjent som eit av dei beste livebanda i landet, med ei sjeldan evne til å kommunisere med publikum. Ekte, spontant og med smittande speleglede.

Steinar Raknes

Bassist, vokalist og låtskrivar med ein særprega kombinasjon av kontrabass, stemme og elektronikk. Han har gitt ut fleire kritikarroste album, turnert verda rundt og spelt med artistar som Chick Corea, Mickey Raphael og Tord Gustavsen.

Raknes er kjent for sitt sterke scenenærvær, virtuose og nyskapande basspel, uttrykksfulle vokal og evna til å skape store lydbilete ved hjelp av elektronikk. Han er ein kompromisslaus musikar med djup forankring i både jazz og americana.

Unni Wilhelmsen

Songar, gitarist og låtskrivar med ei stemme og formidlingsevne som har gjort henne til ein av Noregs mest folkekjære artistar.

Ho slo gjennom i 1996 med låten Won’t Go Near You Again, og har sidan gitt ut fleire prisvinnande album, turnert landet rundt og samarbeidd med ei rekkje norske musikarar.

På scena er ho varm, vittig og til stades, ein formidlar som får alt ho syng til å kjennast ekte.

___

Varigheit: Ca 75 minutt

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.

Arrangementet har unummererte billettar rundt småbord på flatt golv.

Ting du også vil like